• programmet For auka vekst og omsetning

    For etablerte bedrifter langs kysten av Sogn og Fjordane, som har eit ynskje og behov for vekst, køyrer Aksello eit program som skal gje auka omsetning, auka aktivitet og tilgang på nye marknader

  • VEKST-programmet

    Aksello sitt program for vekst og utvikling i etablerte bedrifter

    Ei verd i endring

    Etablert næringsliv i vekst er svært viktig for verdiskaping og sysselsetting. Innovasjon og knoppskyting i næringslivet er avgjerande for at etablert næringsliv skal ha vekst. Aksello ynskjer å gje eit tilbod til verksemder i alle kystkommunane i Sogn og Fjordane til å delta i eit framtidsretta vekstprogram! Verksemder som har nådd ein topp og begynner å sjå nedgang, men har vilje og evne til å lukkast med ny strategiske satsingar, er i målgruppa. Vi har berre 10 tilgjengelege plassar i 2019, så ver rask!

     

    Vi utviklar programmet heile vegen og ser at sjølv om mange av prosessane er like må vi skreddersy programmet til kvar enkelt bedrift. Programmet består av 3 møter på 3 timar med kvar enkelt deltakarbedrift. I mellom møta nyttar vi noko tid på analyse og konkretisering. Samstundes har vi 2 fellessamlingar som både er for inspirasjon og for å lære av kvarandre og skape nettverk.

  • VEKST-prosessen

    Analyse

    Vi analyserer deltakarbedriftene

    og kartlegg ulike ressurser og behov

    Beskrivelse

    Prosessering

    Gjennomføring av aktivitetar som forretningsmodellering, strategiutvikling, lønsemd- og marknadstiltak

    Beskrivelse

    Endring

    Deltakarbedriftene startar ein utviklingsprosess basert på strategiar

    som vert til i Vekst-prosessen.

    Beskrivelse

  • tidsplan Gjennomføring

    Om ikkje anna er spesifisert, finn møter og samlingar stad i Florø.

    1

    Utval og rekruttering

    Veke 35

    2

    Møte 1

    Veke 39 - 23. - 27. september

    3

    Møte 2

    Veke 41 - 7. - 11. oktober

    4

    Fellessamling

    17. oktober

    Florø

    5

    Møte 3

    Veke 45 - 4. - 8. november

     

    6

    Avsluttande samling

    14. / 21. november

  • dine støttespelarar

  • Ofte Stilte Spørsmål

    Er eg sikra deltaking om eg melder meg på?

    Nei, vi har kun 10 tilgjengelege plassar og vil velje bedrifter utifrå vilje, evne og potensiale til verksemdene som ynskjer å delta.

    Kor mykje tid må eg som leiar sette av for å delta?

    Dagleg leiar og evt. nøkkelpersonar må sette av 3 timar i 3 møter, i tillegg tid til å delta på fellessamlingane. I mellom møta må ein pårekne nokre timar arbeid.

    Kva kostar det mi bedrift å delta?

    Som deltakar av vekstprogrammet betalar du berre ein eigenandel på ca 10% rekna til mellom kr 10-15.000,- Aksello søker finansiering frå Sogn og Fjordane Fylkeskommunen, Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest for å gjennomføre programmet.

    Må eg som dagleg leiar delta i heile programmet?

    Ja, det er ein føresetnad at dagleg leiar i selskapet deltek. Om ein ynskjer å nytte nøkkelpersonar i møta og for å utføre ein del av arbeidet er dette fint i tillegg til dagleg leiar sin deltaking.

    Vil programmet stå for gjennomføringa av tiltaka i mi verksemd?

    Nei, Vekstprogrammet utformar ein plan for dei tiltaka som ein bør arbeide med får å nå dei strategiske vala ein har gjort seg i programmet. Programmet bidreg og til å sjå på finansieringsrammer for desse tiltaka.

  • Søk opptak

    Vi tek inn ca 10 bedrifter kvart år som får delta i VEKST-programmet